Naturopplevingar i Sotra Kystby

Foto: Gaute Hatlem

Rett i nærleiken av Straume sentrum fleire flotte turområder. Ved Straume idrettspark er det opparbeida grusveg og lysløype i den naturskjønne Ebbesvikmarka, her er det fleire alternative tura rein kan gå. Frå Foldnes Kyrkje er det også ei nyare turveg som går på ei grusveg til Hjelteryggen. Her er lysløype så løpa kan nyttast både i dagslys og når det er mørkt.

På Foldnes er Ran Seglforening som er ei av dei eldste seglforeningane i Noreg. Her starter folk å segle i barndommen. Som medlem får ein tilgang til joller, noko som er ypperleg for barn og unge. Havseglare kan også trenge mannskap på retattaer og på lengre turar.

Kysteventyret er Sotra og Øygarden sitt eiga destinasjonsselskap. På nettsida til Kysteventyret får du ei god oversikt over Sotra og Øygarden som eit reisemål. Øyane har fleire overnattingsstader og er  eit eldorado for både dykking, klatring, fugletitting, kajakk. Sotra og Øygarden innehar eit mangfald av turområdar, både i skog og mark, til fjelltoppar og heilt ute ved kysten.

Golfbanen til Sotra Golfklubb ligg på Kolltveit. Hovudbanen ligg i eit idyllisk kystlandskap med fjellknausar og blomstarlyng. Golfbanen er både for klubbens medlemmer og gjestar.